Tito. (ikkje alltid synleg)
UKJENT STED: Han dukkar ikkje opp når han blir invitert. Han dukkar opp når det passar. Av og til – når det ikkje passar i det heile tatt.
I redaksjonen har han ingen tittel. Ingen veit heilt kva han gjer. Men det blir stille når han snakkar.
Han kallar det ikkje illusjon. Berre observasjon.
Andre kallar det timing.
Der Magne sit fremst, står Tito litt til sida.
— Og ser det andre ikkje ser.
Han har visst vore innom før. Ingen kan stadfeste det.
Men fleire kjenner att formuleringane.
Han svarar sjeldan direkte.
- Men dei som får svar, får som regel meir enn dei spurde om.
I sunnmørslinja er han ikkje alltid synleg.
Men når han er det, har noko allereie skjedd.
(Ein stad i bakgrunnen finst det meir. Men ikkje her.)

Foto: UKJENT.