Sunnørslinja avslører 

Magne Måsevik vann fram i tingretten - er no konstituert redaktør

ÅLESUND: Etter lengre tid utan synleg framdrift har tingretten no gripe inn i drifta av Sunnmørslinja.

I ei avgjerd som overraska dei fleste (inkludert partane sjølve), vart Magne Måsevik (47) i dag konstituert som redaktør.

Grunngjevinga frå retten er kort:

“Nokon måtte sitte fremst.”

Ifølgje dokumenta har Magne over tid observert situasjonen frå første rad, utan å gripe inn. Retten meiner dette kvalifiserer.

— Han har sett det som skjer, og det som ikkje skjer, heiter det i avgjerda.

Måsevik sjølv var nøktern då han vart møtt utanfor tinghuset:

— Eg har ikkje søkt. Eg sat berre der.

På spørsmål om kva som no blir første prioritet, svarar han:

— Framdrift er overvurdert. Men vi skal sjå på det.

Eigarane av Sunnmørslinja har så langt ikkje kommentert saka, men det blir opplyst at dei “følgjer utviklinga”.

Kva dette vil bety for vidare drift er uklart.

Det einaste som er sikkert, er at Magne no sit fremst. 

Nokre ting blir forklart.  

Andre blir ståande.

Foto: VEL KJENT.